Vår eigen montør

I Tømrer Service AS har vi vår eigen montør. Truls Eidset er ein erfaren tømrar med godt humør, og arbeidsdagane hans går i å montere kjøkken-/bad-innreiingar, trapper, vedomnar, garderobeskap og garasjeportar. Når ein har eigen spesialist på desse områda så ser ein at det vert minimalt med feil eller manglar, for montøren kan då dette arbeidet til fingerspissane.

Truls Eidset

Truls Eidset

I 2016 monterte Truls over 50 kjøkken og bad i tillegg til ein god del trapper, omnar og garasjeportar. Det kan sjå ut som om han har nok å gjere også i 2017.

Nedanfor ser du nokre av innreiingane som han har montert. 

ROP bustader i Volda

Tømrer Service AS har fått i oppdrag frå Volda kommune å bygge ROP- (rus- og psykiatri) bustader på Rotset i Volda. Her skal det verte 7 bueiningar samt eit administrasjonsbygg. Einingane er fordelt på to bygg med felles uteareal imellom.

Prosjektleiar i Tømrer Service AS, Geir Egil Rotevatn, er nøgd med framgangen og synes dette er eit spanande prosjekt å leie

Geir Egil Rotevatn inspiserer arbeid og framdrift på byggjeplass.

Geir Egil Rotevatn inspiserer arbeid og framdrift på byggjeplass.

Vi er kome godt i gang, og teknisk anlegg på tomta vert utført av Volda Maskin AS.

Volda Byggservice AS er ferdig med betongarbeidet på boder og støttemur mot riksvegen, og er i gang med fundament til bustadene.

Mange er spent på korleis dette prosjektet vil bli sjåande ut. Vår arkitekt/ingeniør i Tømrer Service AS, Jon Randen, har laga ein liten illustrasjonsvideo i 3D som viser korleis prosjektet vil ta seg ut:

Det går radig framover, og ROP-bustadene skal overleverast i januar 2018.

Ein leverandør med fokus på god service, kvalitet og hygge!

Harald Engeset, dagleg leiar i Hygge Design AS

Harald Engeset, dagleg leiar i Hygge Design AS

Som utbyggjar av omlag 70 bustader i året så veit vi at når ein skal bestille kjøkken- eller badinnreiing til våre hus så er det viktig at alt stemmer og passar, både når det gjeld administrasjon og teknisk.
Mesterhus Sunnmøre har tidlegare brukt store, nasjonale leverandørar, men vi enda til slutt på den beste leverandøren, og den fann vi lokalt i Volda; Hygge Design AS. (Tidlegare Senator Kjøkken) Vi har i dei siste åra i stor grad berre brukt Hygge Design AS og er veldig fornøgd med det. 
Grunnen til at vi har valt dei som leverandør i våre hus er at dei leverer kvalitet og service i alle ledd, frå kundemøter med hyggjelege og løysingsorienterte konsulentar, levering til byggjeplass til rett tid, og med god kvalitet på sine produkt.

I mars i år endra dei namn frå Senator til Hygge Design AS. Dei forhandlar Nordsjø og Tvis kjøkken, har vore gjennom ei positiv utvikling siste åra og vart kåra til Norges forhandlar i 2016. Dei ønska å ha eit namn som skildrar dei best, og namnet dei har valt er sjølvforklarande. Hos dei er det ei rett hyggeleg stemning, både i lokalet med fine utstillingar i mangfald og god design, og med hyggelege konsulentar. Dei ønskjer å skape hygge i kundane sine heimar!

Lise Sande i kundemøte. Ho er ein av dei tre kjøkkenkonsulentane i Hygge Design AS

Lise Sande i kundemøte. Ho er ein av dei tre kjøkkenkonsulentane i Hygge Design AS

Hos Hygge Design AS så kan du sjå kjøkkenet eller badet på skjerm ilag med konsulent medan du vel dine løysingar, og dei støttar opp om vårt slagord; «Det blir som avtalt!»

Godt i gang med grunnarbeidet i Krikebøvegen i Volda

Tomannsbustaden i Krikebøvegen vart raskt seld, og arbeidet med grunn og betong er difor kome godt i gang allereie.

To av våre tilsette som arbeider med mur, Alfredas Borkertas og Damian Grobouski, held no på med breivikblokkene ved innkøyrsle og med ringmurane på huset.
Dei gjer ein god innsats, og sjølv om det regnar og haglar på tvers er dei like blid.

Damian og Alfredas 

Damian og Alfredas 

Framdrifta er i god flyt, og reising av hus vil skje om kort tid. Men ein ser allereie godt korleis huset blir plassert i terrenget:

17. mars 2017

17. mars 2017

Prospektbilete (illustrasjon) 

Prospektbilete (illustrasjon) 

Det nærmar seg ferdigstilling i Øvretuna i Ørsta

Snikkarane som arbeidar med tomannsbustaden og dei to firemannsbustadene i Øvretuna i Ørsta er i full gang med innreiingsarbeid og ferdigstilling. Desse 10 einingane vart raskt selde, og kundane kan no sjå fram til overtaking i løpet av våren.  

Andrzej Gorczyca er godt i gang med balkongane på eine firemannsbustaden.

Andrzej Gorczyca er godt i gang med balkongane på eine firemannsbustaden.

Jørn Ole Viddal innreiar ei av leilegheitene i øvste etasje og monterer her veggplater. 

Jørn Ole Viddal innreiar ei av leilegheitene i øvste etasje og monterer her veggplater. 

Robin Urke held no på med å montere takplater i underetasjen. 

Robin Urke held no på med å montere takplater i underetasjen. 

Det er kjekt å følgje prosessen frå skisser og teikningar til ferdige hus:

Illustrasjonsbilete, Januar 2016

Illustrasjonsbilete, Januar 2016

Mars 2017

Mars 2017

Årets Mesterhusseljar 2016

Vi er stolte og gratulerer så mykje til vår gode seljar Odd Martin Velsvik med prisen som årets Mesterhusseljar 2016 i kategorien prosjekt!
Kåringa skjedde under Mesterhuskonferansen i Stavanger i helga, og prisen vart overrekt av Tore Mjaavatn, kjededirektør i Mesterhus. 
Du kan lese meir om kåringar av Mesterhus sine beste HER

Kjededirektør i Mesterhus (t.v.) saman med Odd Martin Velsvik som nettopp har teke i mot prisen.  

Kjededirektør i Mesterhus (t.v.) saman med Odd Martin Velsvik som nettopp har teke i mot prisen.  

Utplasseringselevar

Marius Lien, Elias Aarseth og Steffen Myklebust

Marius Lien, Elias Aarseth og Steffen Myklebust

Det er viktig å lære opp nye handverkarar! I to veker har vi hatt besøk av tre elevar som går tømrarlinja på vidaregåande skule.  

Marius Lien (16) er frå Ringebu og går i 1. klasse på Vinstra videregående skole.
Elias Aarseth (17) og Steffen Myklebust (17) er begge frå Ørsta og går i 2. klasse på Ørsta vidaregåande skule.

Dei har vore utplassert hos oss og har jobba i kvar sine byggelag, på kvar sine prosjekt i Volda. Marius har jobba i det store leilegheitsbygget i Prestegata på Rotset, Steffen har jobba i ein tomannsbustad i Moarkabrauta, medan Elias har jobba i ein einebustad på Engeset.

Dei synes det har vore to lærerike veker, og våre tømrarar er veldig fornøgd med sine elevar!  
Vi takkar for innsatsen hos oss og ønskjer dei lykke til vidare!

Funkisbustad skapt ut i frå kunden sine eigne ønsker

Einebustaden på Engeset byrjar å ta form, og både huskunden og Mesterhus Sunnmøre er godt fornøgde med byggingsprosessen. Dette er ein bustad som er teikna i samarbeid med vår byggingeniør og arkitektdesigner Jon Randen og huskunden Harald Engeset. Ein funkisbustad skapt ut i frå kunden sine eigne ønsker.

Skisse/Illustrasjon

Skisse/Illustrasjon

Jon-Inge Andenes og Lars Einar Eikrem nyt den fine utsikta medan dei arbeider med huset. 

Jon-Inge Andenes og Lars Einar Eikrem nyt den fine utsikta medan dei arbeider med huset. 

Tømrarane Jon-Inge Andenes og Lars Einar Eikrem synes det er interessant å bygge denne einebustaden på Engeset. Der er mange nye og spanande utfordringar som er kjekke og annleis. Men ingen utfordringar er hindringar for desse erfarne og flinke tømrarane.

Stilrein fasade med MøreRoyal-kledning frå MøreTre AS

Stilrein fasade med MøreRoyal-kledning frå MøreTre AS

Som ein ser så vert stova stor og lys, med skråhimling og vindauge som er heile 290 cm høge.

Som ein ser så vert stova stor og lys, med skråhimling og vindauge som er heile 290 cm høge.

Den blide huskunden Harald Engeset seier
-«Eg er kjempefornøgd! Terningkast 6 i hjelp og rettleiing gjennom planlegging av teikning og i gjennomføring på byggeplass. Berre kjekke kara!»

 

Spanande prosjekt skrir fram

Alle leilegheitene i bustadblokka i Prestegata vart seld på kort tid, og 18 nye huskundar kan vente på å få flytte inn i ny bustad til sommaren.

Bygget ligg sentralt på Rotset i Volda, har gode fasilitetar som parkeringskjellar med snøsmelteanlegg, heis, sør- eller vestvendte balkongar, sportsbod, leikeplass på felles uteområde, og avfallsløysing som vert nedgrave ved tilkomstveg.
Alle våre bustader er nøkkelferdig, og huskundane kan flytte rett inn ved overlevering.

8. juni 2016: Kraning av element i parkeringskjellaren, utført av Spenncon AS

8. juni 2016: Kraning av element i parkeringskjellaren, utført av Spenncon AS

7. februar 2017: Mykje har skjedd på 8 månadar, og meir skal det bli. 

7. februar 2017: Mykje har skjedd på 8 månadar, og meir skal det bli. 

Handverkarane i Tømrer Service AS har stått på, og saman med Volda Byggservice AS, Vinjevoll Rør AS, Tussa Installasjon AS og andre underleverandørar er dei no godt i gang med arbeidet innomhus

Gjengen frå Tømrer Service AS (Jørgen Vikestrand, Henning Helle, Magnus Hamre, Ørjan Moen, Vaidotas Baliunas og Børre Heltne)

Gjengen frå Tømrer Service AS (Jørgen Vikestrand, Henning Helle, Magnus Hamre, Ørjan Moen, Vaidotas Baliunas og Børre Heltne)

Innflyttingsklar tomannsbustad

Innflyttingsklar tomannsbustad i Trolldalsvegen 26 i Tjørvåg i Herøy. 

Bustaden er ein nøkkelferdig og stilfull tomannsbustad med 4 soverom, kjøkken, stove, balkong, bad, bod/teknisk rom, wc og stor entré. Bustadene har sør-austvendte balkongar, og har tilhøyrande garasje med stor takterrasse.
Bustadene er oppgraderte med integrerte kvitevarer i kjøkken og tapetsert kontrastvegg på stove utan tillegg i pris. 
Du treng ikkje gjere noko eigeninnsats, du kan flytte inn same dag som du tek over nøkkelen.

Om du vil lese meir om bustaden så finn du annonsen på finn.no HER
Under kan du sjå film av bustaden, og slik får du ein virituell visning av bustaden. 

Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat om bustaden.