Omsorgsbustader på Severinhaugen i Volda er overlevert

49245222_750425421995908_1036950575796715520_n.jpg

Året 2019 starta med ei overlevering av fire flotte omsorgsbustader samt eit tilhøyrande administrasjonsbygg til Volda kommune. Prosjektet starta med første spadetak 1. mars 2018, og overleveringa vart helde 2. januar 2019.

Bustadene er bygt i nyskapande og spanande arkitektur og design, med mest mogleg vedlikehaldsfrie utvendige produkt.

Her er det trivelege og godt tilgjengelege uteplassar

Her er det trivelege og godt tilgjengelege uteplassar

Leilegheitene er framtidsretta bueingingar som er tilrettelagt for alle typar brukarar med forskjellige behov innan omsorgsetaten.
Ola Halkjellsvik er byggherrerepresentant for Volda kommune, og samarbeidet mellom kommunen og Tømrer Service AS har fungert veldig godt og kommunen seier dei er svært nøgde. Prosjektleiar hos Tømrer Service AS, Geir Egil Rotevatn, kan stadfeste dette og legg vekt på at god kommunikasjon, godt samarbeid og gode handverksmessige resultat har vore gjennomgåande for dette prosjektet.

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn og byggjeleiar Erik Nedreberg (oppe i teknisk rom over bad) frå Tømrer Service AS tek ein siste sjekk og går gjennom alle bustader før overlevering.

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn og byggjeleiar Erik Nedreberg (oppe i teknisk rom over bad) frå Tømrer Service AS tek ein siste sjekk og går gjennom alle bustader før overlevering.

Nedanfor kan de sjå bilete av interiør og eksteriør, og heilt til sist ein presentasjonsfilm.

IMG_1249.JPG

Stort og tilpassa baderom, med ekstra stor dusjnisje, flislagte veggar og golv, tilkoplingspunkt for vaskemaskin, handicaptoalett, og flott baderomsinnreiing med mykje skapplass levert av Hygge Design AS.

IMG_1261.JPG

Vegg i vegg med baderom er det eine soverommet. Her er det moglegheit for evt personløftar frå taket:

IMG_1252.JPG

Soverom nr 2 kan nyttast som gjesterom, soverom, kontor eller kva som no passar seg, og har eigen inngang til bod:

Det er opa løysing i stove og kjøkken, med stor takhøgde med innebygde spottar. Veggane består av robust gips som er mala. Frå stova går ein ut til eigen stor terrasse mot sør:

Stor takhøgde, lyst og luftig, med eit kjempefint laminatgolv frå Alloc AS.

Stor takhøgde, lyst og luftig, med eit kjempefint laminatgolv frå Alloc AS.

Kjøkkeninnreiing frå Hygge Design AS. Her er det berre å setje inn kvitevarer så er det komplett.

Kjøkkeninnreiing frå Hygge Design AS. Her er det berre å setje inn kvitevarer så er det komplett.

Skyvedørsgarderobe med god skapplass i gangen.

Skyvedørsgarderobe med god skapplass i gangen.

Bustadene har Royal kledning i to fargar, store vindauge mot sør som gir lyse opphaldsrom, og kvar leilegheit er på omlag 76 m².

Bustadene front, med store terrassar mot sør.

Bustadene front, med store terrassar mot sør.

Bustadene mot nord, med uteplass og blomsterkasser. Biletet er teke frå adm.bygget.

Bustadene mot nord, med uteplass og blomsterkasser. Biletet er teke frå adm.bygget.

Mellom leilegheitene og admininistrasjonsbygget er det eit glastak som gjer at ein kan gå så godt som tørrskodd mellom bygga.

Mellom leilegheitene og admininistrasjonsbygget er det eit glastak som gjer at ein kan gå så godt som tørrskodd mellom bygga.

Her er eit bilete frå fellesrommet i administrasjonsbygget, som har eiget kjøkken, er klargjort til kontorpultar og felles stove.

Her er eit bilete frå fellesrommet i administrasjonsbygget, som har eiget kjøkken, er klargjort til kontorpultar og felles stove.

I februar i fjor laga arkitekten vår, Jon Randen, ein illustrasjonsfilm. Det er fantastisk moro å sjå filmen no når prosjektet er ferdig og sjå at det blir som planlagt.
Her kan de sjå den

Med oss i bygginga har vi solide lokale samarbeidspartnarar, som mellom andre
Hjelle Maskinlag AS
Egset Ventilasjon AS
Tussa Installasjon AS
Lenco AS
Vinjevoll Rør AS

Vi takkar for godt samarbeid!