Møt våre nye lærlingar

IMG_1086.JPG

Marius Tømmerbakk Ødegaard (t.v.) og Sigbjørn Halkjelsvik Folkestad er våre to nye lærlingar i firmaet, og vi er stolte av å presentere dei. Vi besøkte Marius og Sigbjørn på byggjeplass for å slå av ein prat og ta bilete, og det var eit møte med to ivrige og fornøgde arbeidarar som gav uttrykk for at dei likte seg godt hos oss.

Dei har arbeidd hos oss i 1 månad no og har allereie vist stor interesse og god læring for faget. Det blir spanande å følgje dei og arbeide ilag med dei i dei to neste åra på reisa mot eit fullført studie og godkjent sveinebrev. 

IMG_1092.JPG

Begge har gått på yrkesskulen i Ørsta i to år. Når dei skulle søkje lærlingeplass seier dei at dei ville søke hos Mesterhus Sunnmøre fordi det er ei lokal og stor bedrift med mange moglegheiter for varierte arbeidsoppgåver. Dei jobbar no i kvart sitt byggjelag, og meininga er at dei skal bytte læremeister og byggjelag to gongar i året. Slik vil dei få variasjon i både samarbeid og miljø, samt få erfaring frå forskjellige hustypar og prosjekt.

 Marius arbeider no på 4 bueiningar på prosjektet "Doktorhaugen," som er eit oppdrag for Volda kommune.

Marius arbeider no på 4 bueiningar på prosjektet "Doktorhaugen," som er eit oppdrag for Volda kommune.

 Sigbjørn arbeider i ein einebustad for ein kunde på Klepp.

Sigbjørn arbeider i ein einebustad for ein kunde på Klepp.

Dei har ingen konkrete planar etter dei har fått sveinebrev, men moglegheitene er mange. 
Mesterhus Sunnmøre synes det er viktig med rekruttering og har tilsett mange lærlingar som har fått fullført sveineprøve hos oss. Så ein skal ikkje sjå vekk ifrå at desse to karane her kan bli ein del av vårt firma også etter læretida. 

Vi ønskjer dei lykke til, og vi skal ta vare på dei så godt som råd.