Hausten er komen; huset ditt må vedlikehaldast

 Privat foto

Privat foto

No kan ein trygt seie at sommaren i Noreg er over og at hausten er komen. Det er blitt kaldare ute, og det blir tidlegare mørkt om kvelden. Blada på trea skiftar farge og lagar eit fantastisk fargespel i naturen. Men når blada visnar så fell dei ned frå trea, og som huseigarar er det då viktig å tenke vedlikehald. Med kraftig regn og vind så er det ekstra viktig å følgje med i desse tider.

Vi tenker då spesielt på tak og takrenner. Har du mange lauvtre, furu eller grantre i nærleiken så vil du garantert får lauv, nåler og rusk ned i takrenna. For å unngå skadar på huset bør du reinse takrennene og utløp minst ein gong i året, og du bør spesielt gjere det på hausten etter at blada har falt.

 (Privat foto, takrenner med lauvsil)

(Privat foto, takrenner med lauvsil)

Dersom ein ikkje reinsar takrennene kan det dannast ei propp som tettar igjen nedløpsrøret. Når vinteren så kjem, fryser vatnet og røra sprekk. Å skifte ut eit øydelagt takrennesystem er kostbart.

I Mesterhus Sunnmøre monterer vi ei «lauvsil» på nedløpet i takrennene. Denne vil forhindre at blad og smuss renn ned i nedløpsrøra.

 Mesterhus Sunnmøre nyttar slik lauvsil frå Grøvik Verk AS

Mesterhus Sunnmøre nyttar slik lauvsil frå Grøvik Verk AS

Men dette betyr ikkje at takrennene er vedlikehaldsfrie. Ein må likevel reinse smusset som har samla seg i takrenna.

 Privat foto

Privat foto

Det er ikkje vanskeleg å reinse takrenner, men du må tenke på sikkerheita. Bruk ein god og stødig stige, og ikkje len deg for langt til sida. Flytt heller stigen ofte. Så treng du gummihanskar og ei lita spade. Ha gjerne ein person ilag med deg som sikrar stigen. Skyv lauv og smuss bort til den eine enden av renna, og vipp ut alt av renna med den lille spada.

Eit lite DIY-triks som kan brukast som hjelpemiddel er å skjere botnen av ei plastflaske og dra den bortover for å samle opp rusk og rask. 

 Privat foto

Privat foto