Mesterhus Sunnmøre har fått "avdelingskontor" i Vågå

 Jon Randen på sitt nye kontor

Jon Randen på sitt nye kontor

Jon Randen har vore tilsett i Tømrer Service AS i 5 år og er utdanna byggingeniør ved Universitetet i Sørøst-Norge. Arbeidsoppgåvene til Jon er å teikne husa våre frå idé til ferdige bygg. Han lagar også m.a. situasjonplanar og stikkingsdata.

Når han no skulle flytte tilbake til sin heimstad i Vågå ville vi fortsatt ha han med på laget og fann ei god løysing på det. Mesterhus Sunnmøre (Tømrer Servive AS) er eit framoverlent firma og vil henge med i utviklinga, difor ordna vi eit kontor til han som er plassert i Vågå kommune, der han arbeider for oss 100%.

Med dagens teknologi er det gode moglegheiter å arbeide på denne måten. Ved hjelp av Facebook Workplace, workchat, skjermdeling og mobiltelefon så er dette mogleg å gjennomføre.
I arbeidsmarknaden skjer det ei utvikling der det er meir og meir vanleg med arbeidarar som jobbar sjølvstendig borte i frå arbeidsgivaren sine kontor. Dei kallast coworkarar.
Coworking er den nye normalen, ein stor industri som har snudd det tradisjonelle arbeidslivet på hovudet. Slik fekk vi behalde Jon i firmaet sjølv om han flytta 25 mil frå Volda.

 Tømrer Service AS / Tømrer Prosjekt AS, avd. arkitektur/ingeniør, industrivegen 38, 2680 vågå

Tømrer Service AS / Tømrer Prosjekt AS, avd. arkitektur/ingeniør, industrivegen 38, 2680 vågå

Planen er at Jon arbeider frå sitt nye kontor i Vågå og at han kjem til Volda på nokon av våre stabsmøter, samt vere med på byggjemøter ved behov.

Jon har no arbeidd i ein månad på sitt nye kontor, og seier det er kjekt å kunne behalde jobben sin i Tømrer Service AS samtidig som han flytter tilbake til heimbygda si. Han seier vidare at han trudde at han kanskje kom til å føle seg meir aleine enn han har gjort. Dette er takka vere god teknologi og telefonkontakt.

2018-08-27 12.34.12.jpg

Vi andre i firmaet er veldig glad for at Jon fortsatt er tilsett hos oss og er ein del av bedrifta. Vi synes denne ordninga fungerer fint. Med god dagleg kontakt samarbeider vi på ein effektiv måte, der personleg møter og papirformat er erstatta med teknologisk korrespondanse og kommunikasjon.