Vi skreddersyr din draumeheim

Mesterhus Sunnmøre hjelp deg heile vegen frå planteikning til ferdig draumehus. Alle husa våre kan endrast og tilpassast etter dine ønsker. 

Har du klart for deg korleis draumebustaden din ser ut? Vi bygg akkurat det huset du vil ha, og hugs at alle Mesterhus kan skreddersys etter dine behov. Ein av fordelane med å få bygt noko eige er jo nettopp at du kan få det nøyaktig slik du vil, både med tanke på funksjonalitet og utsjånad.
Mesterhus har mange akritektteikna husmodellar, men det er svært sjeldan at husa ender opp akkurat slik dei er avbilda i katalogen. Byggeprosessen blir forma av menneska som skal bu der - slik det burde vere. 

Nedanfor ser du eit lite utval av Mesterhus. Desse har og store moglegheiter når det gjeld endringar og tilpassingar. Vi har det meste for ein kvar smak! 

Våre dyktige fagfolk hjelper deg med å identifisere kva slags behov den nye bustaden skal tilfredsstille. Sjå på huskatalogen vår som ei kjelde til inspirajon, og kom med eigne tankar undervegs. Sjå forskjellige typar Mesterhus her 

Finn du ikkje draumebustaden din på nettsidene våre? Vår arkitekt Jon Randen kan teikne eit skreddersydd hus på dine innspel. Gjennom Mesterhus får du kreativ fridom, samtidig som det er trygt. Det blir som avtalt. Randen er klar og tek gjerne imot førespurnader. 

 Jon Randen, arkitektur / prosjektering / ingeniør

Jon Randen, arkitektur / prosjektering / ingeniør

Vi har kontor i Volda sentrum, men bygg hus på heile Søre Sunnmøre, først og fremst i kommunane Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande og Ulsteinvik. Har du ei tomt som du vil byggje eit hus på, eller er du interessert i å kjøpe eit nytt hus eller ei ny leilegheit som er til sals, så er Mesterhus Sunnmøre rette husbyggjar å kontakte. Kom gjerne innom for ein prat, eller send oss ein førespurnad på epost post@mesterhussunnmore.no