Eplehagen i Volda

Torsdag og fredag i forrige veke var det ekstra spanande dagar når det gjeld betong og mur i Eplehagen i Volda.

5.jpg

Til no så har Volda Byggservice AS støypt fundament og betongveggar, og Bjørdal Industrier AS har produsert og montert stålsøyler og ståldragarar i parkeringskjellaren. Spenncon Hjørungavåg AS har produsert hulldekkeelementa og montert dei på byggjeplass.

No var det tida for at «puslespelet av betong skulle leggast», og Spenncon kom med kran og hulldekka på byggjeplass. Mykje arbeid skal koordinerast og samkøyrast for at alt skal stemme overeins. Desse skal med presisjon plasserast oppå betongveggane og vert skiljet mellom parkeringskjellar og leilegheitene over.

Puslespelet blei lagt og Volda Byggservice AS er klare til å fortsette med forskaling, ringmur, bakveggar og heissjakt, før Tømrer Service AS tek over og fullfører bygget!

 Det er ingenting å sei på veret og utsikta for arbeidarane i Eplehagen i Volda

Det er ingenting å sei på veret og utsikta for arbeidarane i Eplehagen i Volda

 Kun 2 ledige leilegheiter! Klikk på biletet for å gå direkte til annonsen på Finn. 

Kun 2 ledige leilegheiter! Klikk på biletet for å gå direkte til annonsen på Finn.