Vi gratulerer!

Vi vil gratulere vår framifrå lærling som nettopp har bestått sveineprøva! 

 Magnus Hamre (tv) får gåvekort og gratulasjonar frå dagleg leiar Henning Heltne

Magnus Hamre (tv) får gåvekort og gratulasjonar frå dagleg leiar Henning Heltne

Etter å ha vore lærling hos oss i Tømrer Service AS i 2 år har Magnus Hamre nettopp teke sveineprøva i tømrarfaget! 
Magnus har vore ein meget dyktig lærling som har vist stort engasjement og kan med rette i dag kalle seg for TØMRAR!
Han vil no vidareutdanne seg og skal til hausten starte på eit 3 års byggingeniørstudie på NTNU i Ålesund. 
Vi gratulerer med det vel fortente sveinebrevet og med studieplassen, og ønskjer han lukke til vidare! Kanskje vi sjåast igjen som kollegaer ved eit seinare høve?