Renovasjon av Mork Barnehage

Vi har skrive avtale med Volda kommune på å renovere dei tidlegare bustadseksjonane som tidlegare stod ved Maurtua i Volda. Desse bustadseksjonane er flytta til Mork Barnehage og skal byggast om til om lag 100 m² med sårt tiltrengt ekstra plass som skal bli eit tilbygg til eksisterande barnehage.

 Bustadseksjonane er flytta til Mork Barnehage. Dei skal no renoverast og pussast opp av Mesterhus Sunnmøre

Bustadseksjonane er flytta til Mork Barnehage. Dei skal no renoverast og pussast opp av Mesterhus Sunnmøre

Utvendig skal seksjoane pussast opp og mellom anna få svalgangar og ein stor overbygd uteplass. Innvendig skal det totalrenoverast med nye veggar, tak, varme i golv, nye bad,  kjøkken, leikerom og kontor.
Dette er eit litt annleis prosjekt der vi bygg og pussar opp eksisterande bustadseksjonar, og vi er glad for å hjelpe til med å gjere Mork Barnehage større.
Prosjektet skal vere ferdig til oktober 2018.

 Grunnkart/flyfoto frå Sunnmorskart.no 

Grunnkart/flyfoto frå Sunnmorskart.no