Styrka fagkompetanse

Om du skal kjøpe hus eller leilegheit så har vi lang erfaring frå bygging av nesten 1000 bustader her i vårt sunnmørsklima. Med solid og oppdatert fagkompetanse er difor vårt leiarteam og våre handverkarar godt rusta for å gjere ein så bra jobb som mogleg på våre prosjekt og for våre kundar. Vi har brukt vinteren til å styrke firmaet sin kompetanse

 Frå venstre: Terje Tranvåg, Børre Heltne, Erik Nedreberg, Henning Heltne og Harald Busch.

Frå venstre: Terje Tranvåg, Børre Heltne, Erik Nedreberg, Henning Heltne og Harald Busch.

Byggmeistrane Harald Busch, Erik Nedreberg og byggjeleiar Terje Tranvåg har det siste halvåret gått kurs og bestått eksamen i byggeplassleiing i regi av Byggmesterforbundet.

Byggmeister Børre Heltne har bestått eksamen som takstmann hos Byggmesternes Takseringsforbund (BMTF) og er no autorisert takstmann.

Henning Heltne og Terje Tranvåg har oppdatert sitt våtromsertifikat med kurs i regi av Byggebransjens våtromnorm.

Vi gratulerer alle med bestått kurs og eksamen!

Logoer2.JPG