Tryggheit er livsviktig

Alle ønskjer å kjenne tryggheit på arbeidsplassen sin. Det gjeld om ein jobbar på kontor, i butikk, på sjøen, ute på byggjeplassar, eller kvar som helst. Nokre yrker er meir utsett for ulykker og skadar enn andre, og på enkelte arbeidsplassar med bruk av maskiner, høgdearbeid og skarpe verktøy er det fort gjort at ei ulykke kan skje. Skadeomfanget kan bli stort, og eventuelt i verste fall med dødeleg utgang.

Vi ønskjer å ha kunnskap om korleis ein kan hjelpe andre, og samtidig er det også godt å vite at våre kollegaer veit kva dei skal gjere dersom vi sjølve er forulykka. Det er viktig å vere trygge både på seg sjølv og på våre kollegaer.

 Ergonomikurs i regi av Stamina Helse

Ergonomikurs i regi av Stamina Helse

Tysdag 20. november hadde vi difor kurskveld for alle tilsette i Tømrer Service AS. Der starta vi med ergonomikurs i regi av Stamina Helse, og fortsette med førstehjelpskurs utover kvelden, i regi av Volda Røde Kors.

 Tormod Eldholm viser stabilt sideleie på Jan Olav Aakre.

Tormod Eldholm viser stabilt sideleie på Jan Olav Aakre.

Førstehjelpskurset var det Tormod Eldholm frå Volda Røde Kors som heldt, og han tok opp generelle tema, men la også vekt på aktuelle tema som passar bygg- og anleggsmiljø.. Innsatsen ein gjer i ein akutt situasjon kan vere livsviktig i påvente av at lege og/eller ambulansepersonell kjem til.

 Alle prøvde HLR på dukker, og her er det Marius Ødegaard som prøvar seg, medan Willy Skogen tek tida og passar på at det vert gjort riktig.

Alle prøvde HLR på dukker, og her er det Marius Ødegaard som prøvar seg, medan Willy Skogen tek tida og passar på at det vert gjort riktig.

 Vaidotas Baliunas trente på å kople på hjartestartar.

Vaidotas Baliunas trente på å kople på hjartestartar.

Ein veit aldri kor tid eller kven som kan verte ramma, men dersom vi er vitne til ei ulykke så vil vi gjerne kunne hjelpe så godt som råd.

 Jørgen Vikestrand øvar på HLR med dokka kopla til monitor. Slik kunne han sjå at han blåste passeleg med luft i lungene, og at han tok ofte nok og harde nok hjertekompresjonar. Han fekk godkjent redning!