Opning av Dalane barnehage i Ørsta

Tysdag 20. november var det offisiell opning av det nye tilbygget til Dalane barnehage. Det var ein høgtidleg seanse med både song og talar, og borna kunne klippe snora saman med ordførar Stein Aam i Ørsta kommune.

 Foto: Janne-Marit Myklebust, Copyright Møre-Nytt

Foto: Janne-Marit Myklebust, Copyright Møre-Nytt

 Foto: Tømrer Service AS

Foto: Tømrer Service AS

Tømrer Service har bygt eit stort tilbygg på 270 m², ei ny utebod og tak på det eksisterande bygget. Arbeidet blei gjort medan det var full drift i barnehagen, og det kravde god planlegging og samarbeid på alle plan, noko som fungerte veldig godt.

 Foto: Tømrer Service AS

Foto: Tømrer Service AS

 Foto: Janne-Marit Myklebust, Copyright Møre-Nytt

Foto: Janne-Marit Myklebust, Copyright Møre-Nytt

Ekstra kjekt er det når borna sjølve og dei tilsette seier dei trivst og er nøgd med det nye tilbygget sitt, som har fått namnet “Ulvehiet”.

Ulvehiet er nøye planlagt med detaljar som skal passe både store og små.

 Foto: Tømrer Service AS

Foto: Tømrer Service AS

Dette er kjøkkenet med arbeidsbenk og vaskestasjon. Her er golvet heva på eine sida av benken, slik at ungane kan stå ved benken i rett høgde, medan dei tilsette kan stå på andre sida.

 Foto: Tømrer Service AS

Foto: Tømrer Service AS

Borna har eigne wc’ar med riktig tilpassa høgde. Der er to wc-rom, og eitt rom med handicap wc og hev/senk stellebenk.

Elles har tilbygget 3 leikerom med faldedører imellom. Der er ei grovgarderobe og ei fingarderobe, vaskestasjonar, og kjøkken med arbeidsbenk. Dei tilsette har fått seg garderobe, 2 kontor/arbeidsrom, lager, og eit pauserom med eit lite kjøkken.

Tømrer Service AS var invitert til opninga. Vår eigen prosjektleiar for barnehagen, Geir Egil Rotevatn, var forhindra frå å stille, men dagleg leiar Henning Heltne og salssjef Odd Martin Velsvik tok turen og fekk vere med på den høgtidlege og kjekke opninga.

 Foto: Janne-Mari Myklebust, Copyright Møre-Nytt

Foto: Janne-Mari Myklebust, Copyright Møre-Nytt

Tømrer Service AS ønskjer å takke Ørsta kommune for oppdraget og for det gode samarbeidet med kommunens prosjektleiing. Vi takkar også leiar og personalet i barnehagen.

Våre gode samarbeidspartnarar som har vore med oss i prosjektet er Tussa Installasjon AS, Brændes rørleggarforretning AS, Flatnes Maskin AS, Egset Ventilasjon AS og Lenco Gulv og Maling AS.

 Foto: Tømrer Service AS

Foto: Tømrer Service AS

Takk til Møre-Nytt for lån av tre bilete. Les artikkel her