Stor aktivitet i Holsekervegen i Ulsteinvik

1a.jpg

No er det stor aktivitet i vårt felt i Holsekervegen som ligg sentralt i Ulsteinvik. Ein del leilegheiter vil vere klar for overlevering allereie no i september.

2.jpg

I feltet er der totalt 40 nye bustader der alle vert levert nøkkelferdige med carport.
Uteområdet vert ferdig tilsådd og planta til. Elles vert der utstyrte leikeplassar, nedgrave avfallssystem og vegarealet vert asfaltert.

24 leilegheiter er allereie seld og prosjektleiar for feltet Geir Egil Rotevatn er fornøgd med framdrifta. Her er det kjekke kundar, og han er sikker på det vert ein flott plass å bu.

Geir Egil Rotevatn, prosjektleiar Mesterhus Sunnmøre

Geir Egil Rotevatn, prosjektleiar Mesterhus Sunnmøre

I Holsekervegen er det både entreprenørar, rørleggjarar, elektrikarar, flisleggjarar, murarar og tømrarar som er i sving. Her har vi samla nokre av dei for biletetaking utanfor ein av firemannsbustadene.

B.JPG
A.jpg

Om ein vil sikre seg bustad i feltet så må ein vere snar, for no er det ikkje så veldig mange ledige igjen.