Tømrer Prosjekt AS har høgaste rating!

Bisnode Norge

Bisnode Norge

AAA Soliditets anerkjente ratingsystem er eit kunnskapsbasert ekspertsystem som er laga for å få ei heilskapleg kredittvurdering av norske føretak. Dette føretaket har ein sterk økonomi, er veletablert og det er ikkje registrert betalingsmerknadar av betydning eller revisormerknadar på føretaket.

Når ein skal kjøpe bustad så bør ein tenke over kven ein kjøper med. Dette gjeld også for elektrikar, rørleggar og leverandørar som skal samarbeide med husleverandøren. Nokre entreprenørar og husleverandørar kan ha dårleg økonomi og difor kan det vere fint å vite kva ratingkode dei enkelte føretaka har. 

tabell.JPG

Tømrer Prosjekt AS, som er utbyggingsselskapet i Mesterhus Sunnmøre, har no fått ny ratingkode. Vi har no AAA-rating som er den høgaste soliditetsrankingen ein kan få. Vi er difor ein solid og sikker samarbeidspartnar for våre huskundar, underentreprenørar og leverandørar, og ein kan då vere sikre på at vi kan betale våre rekningar.

Capture2.JPG