Sponsa VTI-fotball med "MESTERHUSET"

Mesterhus Sunnmøre er ein aktiv støttespelar og sponsor i lokalsamfunnet. Vi støttar mange lag og organisasjonar med spesielt fokus på barneidrett.
Når VTI-fotball og den populære fotballfritidsordninga trengte meir plass, så var vi så heldige at vi fekk hjelpe fotballgruppa med å bygge nytt hus/tilbygg til dei.

På dette tilbygget til VTI-fotball stod vi for teikning, prosjektertering, byggesøking, samt at vi stilte med prosjekt- og byggjeleiar på tiltaket gratis. Vi ordna det også slik at fotballgruppa fekk kjøpe det meste av byggevarene direkte frå produsent til innkjøpspris og dei fekk handverkstenester på bygget til kostpris.
Slik sponsa vi VTI-huset, som fekk det passande namnet «MESTERHUSET».
 

Her er glade og spreke deltakarar i Tines fotballskule 2017 framfor Mesterhuset. Foto: Solveig Storeide.

Her er glade og spreke deltakarar i Tines fotballskule 2017 framfor Mesterhuset. Foto: Solveig Storeide.

Mesterhus Sunnmøre synes det er kjekt å kunne støtte lag og organisasjonar, og å gi ei hjelpande hand til lokalsamfunnet.
Vi ønskjer VTI-fotball lykke til med det nye Mesterhuset!