Kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap

Tømrer Service AS har skrive kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap på bygging av ROP bustader (omsorgsbustader) i Ulsteinvik sentrum.

Illustrasjon

Illustrasjon

Dagleg leiar Henning Heltne er glad for å skrive kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap og ser fram til eit godt samarbeid og eit flott byggjeprosjekt. Arbeidet startar til hausten.

Henning Heltne, dagleg leiar i Tømrer Service AS

Henning Heltne, dagleg leiar i Tømrer Service AS

Jon Randen, som er tilsett som ingeniør/designar i Tømrer Service AS, har teikna og utforma eit flott bygg. Løysingane blei godt likt av tiltakshavar, og når vi samtidig var billigast i anbodskonkurransen så vart vår løysing og tilbod valt. 

Jon Randen, ingeniør/designar i Tømrer Service AS

Jon Randen, ingeniør/designar i Tømrer Service AS

«Eg synes det er kjekt å vinne ein anbodskonkurranse og at designen blei godt mottatt. Det er veldig spanande å få vere med på prosessen til denne type bygg, samt det at ein kan dra nytte frå erfaring frå ROP bustadene som vi bygg i Volda», seier Randen.

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Situasjonsplan

Situasjonsplan