Leilegheitene i Prestegata er ferdige!

No er ventetida over for kundane som har kjøpt seg leilegheiter i Prestegata på Rotset i Volda! Frå og med i dag og i løpet av neste veke vil alle 18 leilegheitene bli overlevert og kundane kan flytte inn i sine nye bustader. 

Vi har vore inne i nokre av leilegheitene og teke bilete, og vi ønskjer å vise kor flott det har blitt! 

Vi gratulerer samtidig alle våre kundar med nye bustader!