"Kortreist hus" - Lokal verdiskaping

Mesterhus Sunnmøre har som målsetjing å bidra mest mogleg til lokal verdiskaping. Vi brukar ikkje material, utstyr og element som kjem langvegs frå.

Vi bygg «kortreiste hus» og brukar difor i stor grad berre norske produsentar/leverandørar. Aller helst likar vi å bruke lokale produsentar, handverksbedrifter og leverandørar.
Dette gir miljøgevinst, mange gode lokale arbeidsplassar, samt bedrifter og arbeidstakarar som betalar skatt til kommunane på Søre Sunnmøre.
Vi vil i tida framover fokusere enno sterkare på å bruke lokale leverandørar og produsentar av varer og tenester med lokalt eigarskap på våre hus.

Nokre gode lokale leverandørar;

Vartdal Plastindustri AS i Ørsta;        Leverandør av alle grunnmurar og isolasjon
Grøvik Verk AS i Ørsta;                      Leverandør av takrenner
Norgesvinduet Bjørlo AS på Eid:       Leverandør av vindauge og dører.
Pretre AS på Stryn:                            Leverandør av takstolar og bjelkelag.
Bygg1 AS i Ørsta:                               Leverandør av dører
Hagen AS på Stryn:                            Leverandørar av trapper.
Hygge Design AS:                               Leverandør av kjøkken, bad og garderobar.
Ørsta Vedlikehald AS:                        Leverandør av beslag.