Visning Nedre Hjelmeset

Vi er stolte av å få vise fram 3 ledige og innflyttingsklare leilegheiter på Nedre Hjelmeset.
Desse 3 leilegheitene høyrer til eit leilegheitskompleks med totalt 16 leilegheiter fordelt over to etasjar som vi har bygd i Herøy kommune.
Bustadene har høg standard og gode fasilitetar, som heis, carport, parkeringsplass, balkong/terrasse og felles uteområde/hage med platting og utebod. Alle leilegheitene har kvar sin tilhøyrande carport, samt ei bod kvar i eit felles bodrom.
Vi har oppgradert kjøkkeninnreiingane på desse leilegheitene, slik at integrerte kvitevarer er inkludert i prisen. Elles er leilegheitene nøkkelferdig, dei er nyvaska og klare for innflytting.
Så ein kan rett og slett flytte inn so og sei med ein gong.
Les meir om leilegheitene og prosjektet på finn.no HER

Vi skal ha visning;
Torsdag 18. mai: kl. 17:00-18:00
Tysdag 23. mai:   kl. 17:00-18:00

Sjå gjerne vår visningsvideo: (Seksjon nr 3)