Sponsor for KFUM Volda Volleyball

Mesterhus Sunnmøre vil vere ein aktiv støttespelar og sponsor i lokalsamfunnet, og når vi vart spurt om å vere med som sponsor for KFUM Volda så var vi ikkje i tvil om at dette ville vi støtte.

Volda har ei tradisjonsrik historie for volleyball. KFUM Volda Volley er volleyballklubben i Volda, og dei stiller lag i alle aldersgrupper. Volda hevdar seg på nasjonalt nivå med alle aldersbestemte lag.
Forrige helg arrangerte Blindheim IL Volleyball den tradisjonelle Blindheimscupen, som er blitt Norges største volleyballcup.
Der kunne KFUM Volda gå sigrande ut med gull i gruppene GU17 og JU17, og med sølv i GU15.
Vi gratulerer!

Gullvinnarar JU17

Gullvinnarar JU17

Sølvvinnarar GU15

Sølvvinnarar GU15