Sentral godkjenning

Tømrer Service AS har fått innvilga fornying av sentral godkjenning.
 

Vi har sentral godkjenning i 12 godkjenningsområder, og godkjenninga gjeld både prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak. Sentral godkjenning er eit kvalitetsmerke, og betyr at firma har god utdanning, lang praksis, at ein har betalt sine skattar og avgifter, har ansvars- og yrkesskadeforsikring i orden samt er godkjend opplæringsbedrift for lærlingar.
Vi har eigne tilsette som teiknar og prosjekterer, alt i frå bustadblokker, fleirmannsbustader,  byggjefelt, til einebustader og spesialteikna einebustader etter kundeønskjer.