Vi bygg ikkje berre bustader

I 2012 stod den nye kyrkjesalen i Volda Frikyrkje ferdig. Dette var eit prosjekt som var litt annleis enn kva vi driv med til vanleg, og det var spanande og kjekt å kunne få vere med å byggje denne fine salen.

Volda Frikyrkje (foto: Sølve André Hatlem)

Volda Frikyrkje (foto: Sølve André Hatlem)

Huset er bygt i isolert mur med pussa overflater både innvendig og utvendig. Salen er stor og fin, og det er god plass. I taket innvendig på kyrkja er det montert ei akustisk himling. Denne gjer at der er svært gode lydforhold i salen og den passer godt til korsong og konsertarrangement. 

Pastor Sølve André Hatlen er svært fornøgd med det flotte bygget. Han kan fortelje oss følgjande:
«Både medlemar og gjestar har late seg begeistre av kyrkjesalen som gir god romkjensle, god lyd og som er praktisk i bruk til å både feire gudstenester, ha konsertar, basarar, selskap, kyrkjekaffi og andre arrangement.»  

Foto: Sølve André hatlem

Foto: Sølve André hatlem

I tillegg vert kyrkja nytta til «Hallovenn»,  konfirmantundervisning, «gutteklubb»", og ulike planleggingsmøte. Dei har også open barnehage på dagtid onsdag.

Pastor Hatlen fortel vidare:
«Vi merkar ei auke i etterspørsel for å leige kyrkja, mest til selskap og feiringar, men og til ulike andre føremål. Det er hyggeleg at stadig fleire oppdagar at vi har eit fint og praktisk forsamlingslokale, som kan nyttast til så mangt.  Når vi bestemte oss for å bygge på kyrkja var det delvis av praktiske årsaker, men også fordi vi hadde eit ønske om å vekse som fellesskap. Det har vi gjort, både i medlemstal, gudstenestebesøkande og i aktivitetsomfang. Men vi har fortsatt plass til mange fleire i åra som kjem.»


Det nærmar seg julehøgtid og vi reknar med at det er mykje program i kyrkja i det høvet, men også i tida framover.
Vi er stolte over å kunne bidra med å byggje ein så flott kyrkjesal.