Årets tilsette 2017

«Årets tilsett» vert stemt fram av alle tilsette i firmaet og det er ei spanande kåring der vinnaren vert presentert på julebordet.
I år var det to stykk som fekk delt første plass og vinnarane vart Romas Daunys (mur/betong) og Marcel Olaf Buchan (flisleggjar)! 

Romas Daunys (tv) fekk overrekt prisen frå dagleg leiar Henning Heltne på årets julebord. 

Romas Daunys (tv) fekk overrekt prisen frå dagleg leiar Henning Heltne på årets julebord. 

Romas Daunys har vore innleigd i firmaet frå 2008, og blei fast tilsett i Tømrer Service AS 2012. Romas er frå Litauen og har arbeidd i Noreg i fleire år. Han er eit arbeidsjern og ein person som er nøyaktig og effektiv i arbeidet han utfører. Han er så flink at vi tilsette broren hans året etter, som er av same kaliber. Romas er blid og positiv, og samarbeider godt med dei andre tilsette i firmaet. Arbeidet han gjer med mur og betong er utført på ein veldig god måte, og tømrarane set pris på å ha nøyaktige og flinke murarar og betongarbeidarar som klargjer grunnmurane til dei skal starte med trearbeidet.

Marcel Buchan (i midten) var dessverre forhindra i å kome på julebordet, og han fekk overrekt prisen på kontoret frå dagleg leiar Henning Heltne (th) og salssjef Odd Martin Velsvik (tv)

Marcel Buchan (i midten) var dessverre forhindra i å kome på julebordet, og han fekk overrekt prisen på kontoret frå dagleg leiar Henning Heltne (th) og salssjef Odd Martin Velsvik (tv)

Marcel Olaf Buchan har vore tilsett i Tømrer Service AS sidan 2011. Marcel er frå Tyskland og kom hit utan å kunne snakke verken norsk eller engelsk. Han lærte seg norsk på rekordtid, og det er kjekt å høyre Marcel pratar ivrig og engasjert på skikkeleg voldadialekt. Han kommuniserer og samarbeider godt med både kundar og andre tilsette og har ei stoltheit over arbeidet han utfører. Marcel kan flis. Arbeider han med badet ditt så får du eit bad flislagt av ein perfeksjonist med auge for detaljar.  

Romas og Marcel er begge to verdige vinnarar av Årets tilsett 2017, og tilsette i firmaet viser ved avstemminga at vi alle set stor pris på dei.
Vi gratulerer begge to så mykje med den gjeve prisen.

Romas Daunys

Romas Daunys

Marcel Olaf Buchan

Marcel Olaf Buchan