Besøk frå Ørsta vidaregåande skule

VG2 klassa frå Ørsta vidaregåande skule var på besøk hos oss i dag.

1.JPG

Lærar Odd Erik Engtrøen fylte minibussen med 15 elevar og tok turen til Volda og besøkte ROP-bustadene vi bygg på Rotset.

2.JPG

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn forklarte elevane litt om firmaet, om denne type prosjekt, materiale som er brukt, og viste dei rundt på området.

3.JPG

Vi kunne også vise til at god innsats og motivasjon lønar seg!

Robin Urke og Jørn Ole Viddal (Tømrer Service AS) 

Robin Urke og Jørn Ole Viddal (Tømrer Service AS) 

Tømrarane Jørn Ole Viddal og Robin Urke har sjølv gått på Ørsta vidaregåande skule og starta som lærlingar hos Tømrer Service AS. Dei har jobba hos oss sidan dei fekk fagbrev, med ei pause der dei begge tok teknisk fagutdanning i Ålesund.
Dei kom med gode tips til elevane korleis dei best skal få seg lærlingplass, og fortalte ivrig om si eiga erfaring. Deira råd er å møte i tide, vere utkvilt og vise interesse. Som lærling er det viktig å prøve og feile, enn å ikkje prøve i det heile tatt.

5,5.JPG
Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn (Tømrer Service AS) og yrkesfaglærar Odd Erik Engtrøen (Ørsta vidaregåande skule.)

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn (Tømrer Service AS) og yrkesfaglærar Odd Erik Engtrøen (Ørsta vidaregåande skule.)

Tømrer Service AS har som mål å ta inn lærlingar kvart år. Kanskje nokon av desse kjekke ungdommane vert ein del av gjengen til hausten 2018?

Takk for besøket, VG2!