Firemannsbustader i Kusymrevegen med endra fasade

Dei to firemannsbustadene vi no skal bygge i Kusymrevegen i Volda er blitt endra i fasaden og fått seg ein aldri så liten «facelift».
Vi har lagt til fleire vindauge øvst i fasaden i front, og slik vil stove og kjøken bli ekstra lys og luftig. Desse er i tillegg sjølvreinsande.
Dette medfører ingen pristillegg i forhold til opphaveleg salspris!

Det er mange interessentar, så om du vil sikre deg ei av desse leilegheitene så må du vere snar. Bygginga startar om 2 veker.
Kom gjerne innom kontoret for ein prat, og ta ein titt på husa HER for meir informasjon.