Nøkkelferdige bustader

Illustrasjon. (møblar er ikkje med)

Illustrasjon. (møblar er ikkje med)

Bustadene våre vert levert nøkkelferdige!

Fordelen med å kjøpe nøkkelferdig bustad er at du får ei standardleveranse der alt er inkludert, prisen er fast og du slepp å få overraskande pristillegg. Det vil seie at du slepp å gjere nokon eigeninnsats, og du kan flytte rett inn den dagen du tek over.

Vi har valt ein standard på vår levering med byggjevarer av god kvalitet, nøytrale fargar og moderne uttrykk, levert av fagkunnige og sikre leverandørar.

Dersom ein ønskjer å avvike frå vår standard så er det sjølvsagt mogleg. Endrar ein noko så fører vi dette opp i ei endringskontrakt der fråtrekk eller tillegg i pris vil bli tydeleg og oversikteleg. Slik vil både vi som leverandør og du som kunde heile tida ha full oversikt og kontroll.
– Og slik vil det bli som avtalt!