Årets tilsett 2016

Jan Ove.JPG

Årets tilsett vert stemt fram av alle tilsette i firmaet, og i år var Jan Ove Bjørkedal ein suveren vinnar!

Jan Ove har vore tilsett som tømrar i Tømrer Service AS sidan 2001, og fekk stilling som servicemann i 2010. Som servicemann er Jan Ove absolutt rette mann på rett stad når kvalitet skal vedlikehaldas og utførast.

Når kundane har budd i bustaden sin i om lag 1 år så vil dei få besøk av denne blide og flinke handverkaren. Han rettar opp eventuelle avvik som har oppstått i løpet av året, og han tek seg av reklamasjonar som kan oppstå.

Prisen er vêl fortent, og vi gratulerer han so mykje med den gjeve prisen!