Black Friday hos Mesterhus Sunnmøre!

Scroll nedover på sida :) 

Bilde.JPG

Fredag 24. november er det Black Friday, og vi er ikkje snauare på det enn at vi ønskjer at du skal kunne gjere eit SUPERKJØP av ei leilegheit, med heile 34% avslag av opphavleg pris!!
Den spesifikke leilegheita vil bli annonsert her og på Facebook-sida vår fredag 24. november kl. 09:00. Det vil også verte moglegheit for visning same dag.
Førstemann til mølla! Ingen budrunder!

Følg med oss på Facebook og her på heimesida for meir informasjon og hint om kva leilegheit det er i dagane fram mot sjølve dagen! Vi vil oppdatere dette innlegget etterkvart som hinta blir lagt ut på Facebook. 

Hint 1:

Hint 1.JPG

Leilegheita er i Herøy kommune

Hint 2: 

Hint 2.JPG

Leilegheita er nøkkelferdig, og du kan flytte rett inn. Det følg med kjøkken med integrert platetopp, komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og frysar. 

Hint 3:

Hint 3.JPG

Leilegheita er nøkkelferdig og du kan flytte rett inn! Du får eigen tilhøyrande bod og carport

Hint 4:

Hint 4.JPG

Studioleilegheita vil bli lagt ut for sal i morgon, fredag 24. november kl 09:00. Du får heile kr. 513.400,- i avslag på opphaveleg pris! Her kan du gjere eit KJEMPEKUPP! 
Nøyaktig pris vil bli lagt ut her i morgon, men vi kan seie det slik at du ikkje treng å vere "millionær" for å kjøpe denne :) 
Det er førstemann til mølla som gjeld, og vi har ingen budrunder. Det vil seie at den som tek kontakt først etter kl. 09:00 har førsterett. Vi må ta atterhald om at kjøpar har finansiering i orden og vi vil gi vedkomande nokre dagar på å klargjere dette. Det vil difor bli moglegheit til å setje seg på liste. 
Det vert moglegheit for visning same dag! 

DETTE ER VÅR STUDIOLEILEGHEIT!

Hint 5.JPG

Dette er vår ekstremt rimelege nøkkelferdige studioleilegheit til KUN kr. 996.600,-! Det utgjer 34% rabatt på opphaveleg pris, og over ein halv million i avslag! 
Her gjer du eit SUPERKJØP og har ein unik sjanse! 
Leilegheita er i leilegheitsbygget vårt på Nedre Hjelmeset i Herøy, den har eigen terrasse/balkong, eiga bod og carport. Den er innflyttingsklar, og ventar kun på deg! 
Les meir om Nedre Hjelmeset og leilegheita på Finn.no HER (seksjon 12)
Der er også to stk andre ledige leilegheiter, (seksjon 11 og 13) og gjer du ein avtale i dag om kjøp av desse vil du få kr. 50.000 i avslag eller eit verdikort på varer inntil kr. 50.000,- ved kjøp av f.eks kjøleskap, vaskemaskin, tørketrommel, møblar etc! 
 

Odd Martin Black Friday.JPG

Ring seljaren vår

Odd Martin Velsvik
Tlf 98236760

Han er klar ved telefonen kl. 09:00
Førstemann til mølla! :)

20171117_142549_resized.jpg

Kanskje det er DU som får deg denne kule leilegheita for under millionen, og kan flytte inn i Nedre Hjelmeset 2 E? 

Besøk frå Ørsta vidaregåande skule

VG2 klassa frå Ørsta vidaregåande skule var på besøk hos oss i dag.

1.JPG

Lærar Odd Erik Engtrøen fylte minibussen med 15 elevar og tok turen til Volda og besøkte ROP-bustadene vi bygg på Rotset.

2.JPG

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn forklarte elevane litt om firmaet, om denne type prosjekt, materiale som er brukt, og viste dei rundt på området.

3.JPG

Vi kunne også vise til at god innsats og motivasjon lønar seg!

Robin Urke og Jørn Ole Viddal (Tømrer Service AS) 

Robin Urke og Jørn Ole Viddal (Tømrer Service AS) 

Tømrarane Jørn Ole Viddal og Robin Urke har sjølv gått på Ørsta vidaregåande skule og starta som lærlingar hos Tømrer Service AS. Dei har jobba hos oss sidan dei fekk fagbrev, med ei pause der dei begge tok teknisk fagutdanning i Ålesund.
Dei kom med gode tips til elevane korleis dei best skal få seg lærlingplass, og fortalte ivrig om si eiga erfaring. Deira råd er å møte i tide, vere utkvilt og vise interesse. Som lærling er det viktig å prøve og feile, enn å ikkje prøve i det heile tatt.

5,5.JPG
Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn (Tømrer Service AS) og yrkesfaglærar Odd Erik Engtrøen (Ørsta vidaregåande skule.)

Prosjektleiar Geir Egil Rotevatn (Tømrer Service AS) og yrkesfaglærar Odd Erik Engtrøen (Ørsta vidaregåande skule.)

Tømrer Service AS har som mål å ta inn lærlingar kvart år. Kanskje nokon av desse kjekke ungdommane vert ein del av gjengen til hausten 2018?

Takk for besøket, VG2!

Fotballbane blir bustadfelt!

Mesterhus Sunnmøre skal bygge bustadområde på den gamle fotballbana i Huldalen i Fosnavåg. Med sal av den fyrste leilegheita gjekk også startskotet for utbygginga.

Fv. Maskinførar Kåre Seljeset og entreprenør Bjarne Tarberg frå B. Tarberg AS, byggjeleiar Terje Tranvåg og seljar Odd Martin Velsvik frå Mesterhus Sunnmøre. (Foto frå Vestlandsnytt) 

Fv. Maskinførar Kåre Seljeset og entreprenør Bjarne Tarberg frå B. Tarberg AS, byggjeleiar Terje Tranvåg og seljar Odd Martin Velsvik frå Mesterhus Sunnmøre. (Foto frå Vestlandsnytt) 

Fin artikkel i Vestlandsnytt på tysdag 10.10.2017: 

AvisartikkelBRUK2.jpg

To av firemannsbustadene med carport og sportsbod ligg ute for sal på www.finn.no 

Hus 1 (klikk for annonse) 
Hus 2 (klikk for annonse) 

347 Render Framside.jpg
391 Render Bakside.jpg

Sjølveigarbustader i Fosnavåg ved Huldalsbana. Hus 1 har tre soverom, hus 2 har to soverom. Alle har balkongar/terrassar, kjøkken, stove, bad, bod, tilhøyrande carport og sportsbod. Bustaden er nøkkelferdig, har moderne utforming med lyse overflater, god kvalitet på materiale, ventilasjonsanlegg, kjøkken- og badinnreiing.
Bustadene er vestvendt og har gode solforhold, og ligg sentralt i Fosnavåg med kort avstand til sentrum, butikkar og barnehage.

Situasjonsplan

Situasjonsplan

Flyfoto over Fosnavåg, Huldalsbana som blir bustadfelt er ringa rundt. 

Flyfoto over Fosnavåg, Huldalsbana som blir bustadfelt er ringa rundt. 

Vi skal byggje ut Dalene Barnehage

Tømrer Service AS vann anbodskonkurransen om tilbygg til Dalane Barnehage, og 5 oktober var vi hos Ørsta kommune og skreiv kontrakt på totalentreprise på barnehagen.

Øystein Mårstøl; prosjektleiar i Ørsta kommune,  Stein Aam; ordførar i Ørsta kommune, og Henning Heltne; Tømrer Service AS.

Øystein Mårstøl; prosjektleiar i Ørsta kommune,  Stein Aam; ordførar i Ørsta kommune, og Henning Heltne; Tømrer Service AS.

Det skal byggast eit tilbygg på rundt 270 m² samt at ein skal skifte tak og ruste opp eksisterande barnehage. Slik blir det rom for mange fleire barnehageplassar og nye arbeidsplassar, samt betre arbeidsforhold for dei tilsette i barnehagen.

Illustrasjon av barnehagen med det nye tilbygget til venstre.

Illustrasjon av barnehagen med det nye tilbygget til venstre.

Kontraktsum for oppdraget er på omlag 7,6 mill. inkl. mva. og tilbygget skal vere ferdig til neste barnehageår.

Capture.JPG

Vi gleder oss til å starte på oppdraget.

Med oss på bygginga så har vi solide lokale entreprenører;

Flatnes maskin AS, grunnarbeid.
Brændes Rørleggerforretning AS, rørleggjar
Tussa instalasjon AS, elektrikar
Lenco Gulv og Maling AS, maling.
Egset Ventilasjon AS, ventilasjon.

Smart og framtidsretta avfallsordning

22095479_10155458283375861_69051584_o.jpg

På ein del felt som vi bygg ut leverer vi nedgravne avfallscontainerar i samarbeid med lokale reinhaldsverk. Dette er eit system med nedgravne fundament som inneheld ein container med botntøming, og desse vert tømt av renovasjonsbil med kran.

22119629_10155458283370861_63879164_o.jpg

Føremålet er å tilby ei løysing som gir nærmiljøet betre estetikk, redusert brannrisiko, betre arealbruk, mindre trafikk av renovasjonsbilar og minimert forsøpling.

I Prestegata i Volda bygde vi eit leilegheitshus med 18 leilegheiter, og der har vi ei slik løysing levert av VØR. Her er det fire Metro undergrunnscontainerar der ein sorterer papir, restavfall, metallavfall og glasavfall.

org_804ad55b4b259c96_1503407837000.jpg

Som vi ser her i Prestegata så er dette ei god og framtidsrette løysing som vil vere både penare, ryddigare og meir praktisk. 

org_b3ad0af32960d8b0_1503408318000.jpg

Kvalitet frå Fåvang Sag i Gudbrandsdalen

Når ein skal byggje hus er det viktig å ha gode materiale frå innerst til ytterst. For å sikre god kvalitet så kjøper Mesterhus Sunnmøre kledning og trelast frå Gudbrandsdalens største sagbruk, Fåvang Sag AS.

Fåvang.jpg

Trevirket derifrå kjem i stor grad frå sakteveksande kvalitetsskog frå Gudbrandsdalen.

F+Ñvang sag -  Barneh+Ñnd   Foto Tor Ivan Boine 8736.jpg

Vi kjøper bindingsverk som er såkalla pre-cut, som betyr at stendarar og bjelkar er ferdigkutta på lengder, og vi bygg så husa på tradisjonell måte på byggjeplass.

F+Ñvang sag -  07 serie langhuset  Foto Tor Ivan Boine 8718.jpg
F+Ñvang sag -  06 serie h+©vleriet  Foto Tor Ivan Boine 8168.jpg
Tømrar Jørn Ole Viddal i aksjon på ein byggjeplass med materiale frå Fåvang Sag AS

Tømrar Jørn Ole Viddal i aksjon på ein byggjeplass med materiale frå Fåvang Sag AS

Her er eksempler på våre ferdige hus med kledning frå Fåvang Sag AS

Her er eksempler på våre ferdige hus med kledning frå Fåvang Sag AS

Tømrer Prosjekt AS har høgaste rating!

Bisnode Norge

Bisnode Norge

AAA Soliditets anerkjente ratingsystem er eit kunnskapsbasert ekspertsystem som er laga for å få ei heilskapleg kredittvurdering av norske føretak. Dette føretaket har ein sterk økonomi, er veletablert og det er ikkje registrert betalingsmerknadar av betydning eller revisormerknadar på føretaket.

Når ein skal kjøpe bustad så bør ein tenke over kven ein kjøper med. Dette gjeld også for elektrikar, rørleggar og leverandørar som skal samarbeide med husleverandøren. Nokre entreprenørar og husleverandørar kan ha dårleg økonomi og difor kan det vere fint å vite kva ratingkode dei enkelte føretaka har. 

tabell.JPG

Tømrer Prosjekt AS, som er utbyggingsselskapet i Mesterhus Sunnmøre, har no fått ny ratingkode. Vi har no AAA-rating som er den høgaste soliditetsrankingen ein kan få. Vi er difor ein solid og sikker samarbeidspartnar for våre huskundar, underentreprenørar og leverandørar, og ein kan då vere sikre på at vi kan betale våre rekningar.

Capture2.JPG

Stor aktivitet i Holsekervegen i Ulsteinvik

1a.jpg

No er det stor aktivitet i vårt felt i Holsekervegen som ligg sentralt i Ulsteinvik. Ein del leilegheiter vil vere klar for overlevering allereie no i september.

2.jpg

I feltet er der totalt 40 nye bustader der alle vert levert nøkkelferdige med carport.
Uteområdet vert ferdig tilsådd og planta til. Elles vert der utstyrte leikeplassar, nedgrave avfallssystem og vegarealet vert asfaltert.

24 leilegheiter er allereie seld og prosjektleiar for feltet Geir Egil Rotevatn er fornøgd med framdrifta. Her er det kjekke kundar, og han er sikker på det vert ein flott plass å bu.

Geir Egil Rotevatn, prosjektleiar Mesterhus Sunnmøre

Geir Egil Rotevatn, prosjektleiar Mesterhus Sunnmøre

I Holsekervegen er det både entreprenørar, rørleggjarar, elektrikarar, flisleggjarar, murarar og tømrarar som er i sving. Her har vi samla nokre av dei for biletetaking utanfor ein av firemannsbustadene.

B.JPG
A.jpg

Om ein vil sikre seg bustad i feltet så må ein vere snar, for no er det ikkje så veldig mange ledige igjen.  

Elias Johann Aarset er vår nye lærling

1.JPG

Elias Johann Aarset (18) frå Ørsta er tilsett i Tømrer Service AS som lærling i tømrarfaget.
Han byrja hos oss no i august og startar si læretid med å bygge ein tomannsbustad i Krikebøvegen i Volda ilag med fagmann Henning Helle.
Det er viktig med rekruttering og vi er glade for å ha fått Elias med på laget.
Vi ser fram mot ei god læretid, med fagbrev i 2019.

2.JPG

Sponsa VTI-fotball med "MESTERHUSET"

Mesterhus Sunnmøre er ein aktiv støttespelar og sponsor i lokalsamfunnet. Vi støttar mange lag og organisasjonar med spesielt fokus på barneidrett.
Når VTI-fotball og den populære fotballfritidsordninga trengte meir plass, så var vi så heldige at vi fekk hjelpe fotballgruppa med å bygge nytt hus/tilbygg til dei.

På dette tilbygget til VTI-fotball stod vi for teikning, prosjektertering, byggesøking, samt at vi stilte med prosjekt- og byggjeleiar på tiltaket gratis. Vi ordna det også slik at fotballgruppa fekk kjøpe det meste av byggevarene direkte frå produsent til innkjøpspris og dei fekk handverkstenester på bygget til kostpris.
Slik sponsa vi VTI-huset, som fekk det passande namnet «MESTERHUSET».
 

Her er glade og spreke deltakarar i Tines fotballskule 2017 framfor Mesterhuset. Foto: Solveig Storeide.

Her er glade og spreke deltakarar i Tines fotballskule 2017 framfor Mesterhuset. Foto: Solveig Storeide.

Mesterhus Sunnmøre synes det er kjekt å kunne støtte lag og organisasjonar, og å gi ei hjelpande hand til lokalsamfunnet.
Vi ønskjer VTI-fotball lykke til med det nye Mesterhuset!

Kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap

Tømrer Service AS har skrive kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap på bygging av ROP bustader (omsorgsbustader) i Ulsteinvik sentrum.

Illustrasjon

Illustrasjon

Dagleg leiar Henning Heltne er glad for å skrive kontrakt med Ulstein Eigedomsselskap og ser fram til eit godt samarbeid og eit flott byggjeprosjekt. Arbeidet startar til hausten.

Henning Heltne, dagleg leiar i Tømrer Service AS

Henning Heltne, dagleg leiar i Tømrer Service AS

Jon Randen, som er tilsett som ingeniør/designar i Tømrer Service AS, har teikna og utforma eit flott bygg. Løysingane blei godt likt av tiltakshavar, og når vi samtidig var billigast i anbodskonkurransen så vart vår løysing og tilbod valt. 

Jon Randen, ingeniør/designar i Tømrer Service AS

Jon Randen, ingeniør/designar i Tømrer Service AS

«Eg synes det er kjekt å vinne ein anbodskonkurranse og at designen blei godt mottatt. Det er veldig spanande å få vere med på prosessen til denne type bygg, samt det at ein kan dra nytte frå erfaring frå ROP bustadene som vi bygg i Volda», seier Randen.

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Situasjonsplan

Situasjonsplan

Vinnaren av vår konkurranse vart Gunni Marie Skare!

Vi har hatt ein konkurranse på Facebook-sida vår der ein kunne vinne anten ein Weber Q-3000 gassgrill eller ein Festool TXS 10,8 drill.

Det var 300 som deltok i konkurransen og vi hadde trekning 19. juni. Gunni vart den heldige vinnaren, og ho ønska seg grill.

Gunni Marie Skare (tv) fekk overlevert den nye grillen frå Alice Ødegård Rotevatn, adm.leiar i Mesterhus Sunnmøre.

Gunni Marie Skare (tv) fekk overlevert den nye grillen frå Alice Ødegård Rotevatn, adm.leiar i Mesterhus Sunnmøre.

Gunni valte å gi premien til mor si i gåve, og Anita Engelsen var overraska og glad for sin nye grill! Akkurat i tide til jonsokfeiring.

Gunni ilag med si fornøgde mor, Anita Engelsen.

Gunni ilag med si fornøgde mor, Anita Engelsen.

Vi gratulerer så mykje med premien!

Alice Ø. Rotevatn legg til at dette var ein kjekk konkurranse å halde, og at ein skal ikkje sjå vekk i frå at det vil bli fleire slike framover. Så det gjeld å følgje med på Facebook-sida vår.

Leilegheitene i Prestegata er ferdige!

No er ventetida over for kundane som har kjøpt seg leilegheiter i Prestegata på Rotset i Volda! Frå og med i dag og i løpet av neste veke vil alle 18 leilegheitene bli overlevert og kundane kan flytte inn i sine nye bustader. 

Vi har vore inne i nokre av leilegheitene og teke bilete, og vi ønskjer å vise kor flott det har blitt! 

Vi gratulerer samtidig alle våre kundar med nye bustader! 

"Kortreist hus" - Lokal verdiskaping

Mesterhus Sunnmøre har som målsetjing å bidra mest mogleg til lokal verdiskaping. Vi brukar ikkje material, utstyr og element som kjem langvegs frå.

Vi bygg «kortreiste hus» og brukar difor i stor grad berre norske produsentar/leverandørar. Aller helst likar vi å bruke lokale produsentar, handverksbedrifter og leverandørar.
Dette gir miljøgevinst, mange gode lokale arbeidsplassar, samt bedrifter og arbeidstakarar som betalar skatt til kommunane på Søre Sunnmøre.
Vi vil i tida framover fokusere enno sterkare på å bruke lokale leverandørar og produsentar av varer og tenester med lokalt eigarskap på våre hus.

Nokre gode lokale leverandørar;

Vartdal Plastindustri AS i Ørsta;        Leverandør av alle grunnmurar og isolasjon
Grøvik Verk AS i Ørsta;                      Leverandør av takrenner
Norgesvinduet Bjørlo AS på Eid:       Leverandør av vindauge og dører.
Pretre AS på Stryn:                            Leverandør av takstolar og bjelkelag.
Bygg1 AS i Ørsta:                               Leverandør av dører
Hagen AS på Stryn:                            Leverandørar av trapper.
Hygge Design AS:                               Leverandør av kjøkken, bad og garderobar.
Ørsta Vedlikehald AS:                        Leverandør av beslag.

 

Isakgarden byggjefelt, midt i Hareid sentrum

DJI_0026_1.jpg

Isakgarden byggjefelt midt i Hareid sentrum, er eit av Mesterhus Sunnmøre sine nye prosjekt. Feltet ligg solrikt til og alle husa blir vende mot sør-vest. Her skal Mesterhus Sunnmøre byggje rundt 40 bustader i løpet av dei komande åra. 

Flyfoto Hareid sentrum, byggjefelt merka raudt.

Flyfoto Hareid sentrum, byggjefelt merka raudt.

Vi har starta opp med bygging av vegar og det tekniske anlegget i feltet, og startar no opp med tomte- og betongarbeid på dei første husa. 

I feltet er der hus og leilegheiter for sal. Frå lettstelte leilegheiter på 75m2 med 2 soverom, til store familieleilegheiter på 150 m2. 

Klikk på bileta for å gå rett til annonsen på finn.

Tomannsbustad

Tomannsbustad

STOR TOMANNSBUSTAD

STOR TOMANNSBUSTAD

REKKEHUS

REKKEHUS

2 stk firemannsbustader

2 stk firemannsbustader

Mesterhus Sunnmøre gjer husdraumen din billegare

Det nye husmagasinet til Mesterhus er lansert, og i samband med det har Mesterhus Sunnmøre gjort endringar i kalkulasjon og prislister på husa i magasinet.
Vi går MOT straumen og set NED prisen på våre hus med mellom 5 og 12 %.

Dette er eit av våre mest populære hus med ein forbetra pris på 11%

Dette er eit av våre mest populære hus med ein forbetra pris på 11%

Hugs; prisen gjeld nøkkelferdige hus bygt på norske tradisjonar, med material og byggevare frå kjente norske leverandørar.

Ta kontakt med oss for ein hyggjeleg husprat, så kan vi hjelpe deg å realisere husdraumen din.

Bestill husmagasinet HER

 

Visning Nedre Hjelmeset

Vi er stolte av å få vise fram 3 ledige og innflyttingsklare leilegheiter på Nedre Hjelmeset.
Desse 3 leilegheitene høyrer til eit leilegheitskompleks med totalt 16 leilegheiter fordelt over to etasjar som vi har bygd i Herøy kommune.
Bustadene har høg standard og gode fasilitetar, som heis, carport, parkeringsplass, balkong/terrasse og felles uteområde/hage med platting og utebod. Alle leilegheitene har kvar sin tilhøyrande carport, samt ei bod kvar i eit felles bodrom.
Vi har oppgradert kjøkkeninnreiingane på desse leilegheitene, slik at integrerte kvitevarer er inkludert i prisen. Elles er leilegheitene nøkkelferdig, dei er nyvaska og klare for innflytting.
Så ein kan rett og slett flytte inn so og sei med ein gong.
Les meir om leilegheitene og prosjektet på finn.no HER

Vi skal ha visning;
Torsdag 18. mai: kl. 17:00-18:00
Tysdag 23. mai:   kl. 17:00-18:00

Sjå gjerne vår visningsvideo: (Seksjon nr 3)
 

Sponsor for KFUM Volda Volleyball

Mesterhus Sunnmøre vil vere ein aktiv støttespelar og sponsor i lokalsamfunnet, og når vi vart spurt om å vere med som sponsor for KFUM Volda så var vi ikkje i tvil om at dette ville vi støtte.

Volda har ei tradisjonsrik historie for volleyball. KFUM Volda Volley er volleyballklubben i Volda, og dei stiller lag i alle aldersgrupper. Volda hevdar seg på nasjonalt nivå med alle aldersbestemte lag.
Forrige helg arrangerte Blindheim IL Volleyball den tradisjonelle Blindheimscupen, som er blitt Norges største volleyballcup.
Der kunne KFUM Volda gå sigrande ut med gull i gruppene GU17 og JU17, og med sølv i GU15.
Vi gratulerer!

Gullvinnarar JU17

Gullvinnarar JU17

Sølvvinnarar GU15

Sølvvinnarar GU15

Endeleg oppstart i Smiebakkane i Ørsta

No er det endeleg oppstart på vårt felt i Smiebakkane i Ørsta! 
Her har vi 12 stk nøkkelferdige tre- og fireromsleilegheiter for sal. (SJÅ SALSANNONSE HER) 

Illustrasjonsbilete

Bustadene vert bygt i eksisterande byggjefelt ved Dalevegen sentralt i Ørsta med kort avstand til butikkar, barnehagar og skular. 

Flyfoto frå www.sunnmorskart.no

På dette prosjektet er vi så heldige og fått hyra inn Flatnes Maskin AS til å utførte grunn- og terrengarbeidet. Dei er entreprenørar med lang og brei erfaring og er no kome godt i gang med arbeidet på tomta.

Ole Flatnes er ein dyktig maskinførar, og i gravemaskina har han installert ein GPS med digitale tomtegrenser og hus. Han kan slik sitje i gravemaskina og sjå på skjermen kor han skal grave. Arbeidet vert difor utført med presisjon til centimeteren. 

Ole Flatnes

Sentral godkjenning

Tømrer Service AS har fått innvilga fornying av sentral godkjenning.
 

Vi har sentral godkjenning i 12 godkjenningsområder, og godkjenninga gjeld både prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak. Sentral godkjenning er eit kvalitetsmerke, og betyr at firma har god utdanning, lang praksis, at ein har betalt sine skattar og avgifter, har ansvars- og yrkesskadeforsikring i orden samt er godkjend opplæringsbedrift for lærlingar.
Vi har eigne tilsette som teiknar og prosjekterer, alt i frå bustadblokker, fleirmannsbustader,  byggjefelt, til einebustader og spesialteikna einebustader etter kundeønskjer.