Ledige stillingar

Stillingsannonse bilete.jpg

Vi søkjer murar / forskalingssnekkar

På grunn av stor arbeidsmengd og vekst så søkjer vi etter fleire samarbeidspartnarar.
Vi ønskjer å tilsetje ein ny murar/forskalingssnekkar.
Arbeidet vil innehalde forskaling av støttemurar, husmurar, gararsjar m.m. Vi nyttar ein god del mursystemet til Vartdal plast.
Ein må pårekne sjølvstendig arbeid i byggjelag. Ved gode kvalifikasjonar og evner så kan stillinga også medføre leiaransvar.

Kvalifikasjonar:

• Fagbrev er ønskjeleg, men andre kan også søkje.
• Erfaring frå liknande type arbeid.
• Sertifikat klasse B / BE
• God kontroll, planlegging- og koordineringsevne på byggjeplass
• Må snakke norsk, eller godt engelsk

Personlege eigenskapar:

• Utadvent og imøtekomande
• Positiv, fleksibel, sjølvstendig og ryddig
• Strukturert, kvalitetsbevisst og effektiv i arbeidet

Vi kan tilby:

Eit triveleg og godt arbeidsmiljø, ordna arbeidsforhold med konkurransedyktige vilkår.
Tømrer Service AS har eigen byggjeleiar for oppfølging og rettleiing for murarane. Du vil få eigen firmabil.

Er dette noko for deg, og ønskjer du ytterlegare informasjon, så ta kontakt med byggjeleiar Terje Tranvåg, tlf 915 37 500, eller dagleg leiar Henning Heltne, tlf 932 12 702.

Send ein søknad med CV innan 24. november til;

Tømrer Service AS
Røysbakken 5
6100 Volda

Eller til post@mesterhussunnmore.no