Velkommen!

Kvifor velje Mesterhus Sunnmøre?

Mesterhus Sunnmøre skil seg ut på viktige områder som kjem sluttproduktet, og deg som kunde til gode. 

Eigne fagfolk

Mesterhus Sunnmøre har 25 tilsette. I tillegg til dette leiger vi inn lokale snekkarar og snekkarlag.
Vi har ein stabil, lojal og dyktig arbeidskraft. Det betyr at du veit kven som bygg huset ditt, og kva desse kan.

Kvalitetshandverk

Namnet "Mesterhus" forpliktar, og vi legg særleg stor vekt på at vi alltid skal levere byggfagleg handverk av høgaste kvalitet. Mottoet er "det blir som avtalt", og det skal vi leve opp til.

Kvalitetsleverandørar

Alle våre leverandørar er handplukka for å gi deg som kunde  best mogleg resultat.

Leveranseomfang

Vi leverer i utgangspunktet nøkkelferdige bustader. Det vil seie at når du kjøper ein prosjektbustad hos oss så er alt ferdig, det einaste du må gjere før du flyttar inn er å vaske ned bustaden. 
Leveranseskildringa vår er detaljert, og vi legg stor vekt på at du som kunde skal vite kva du kjøper.
Dette gjer vi for at du som kunde skal føle deg trygg i forhold til kjøpet.

Lang erfaring

Vi har lang erfaring og er ein av dei største utbyggjarane av private bustadhus og prosjektbustader i Volda.
Vår målsettinga er at vår erfaring skal kome deg som kunde til gode.

Garantiar

Når du har skrive kontrakt med oss så vil vi før vi startar med arbeidet stille garantiar i samsvar med bustadsoppføringslova. Huset vil vi også forsikre fram til overtakinga har funne stad. Dette sikrar deg som kunde heile vegen frå signert avtale til godkjent leveranse. 

Ta kontakt så tek vi oss ein prat der vi går gjennom detaljane i kvifor du bør nytte Mesterhus Sunnmøre som din utbyggjar!